Bjerkreim bru stengjer 22. april: Påverkar skulebusstideneBrua skal gjennom eit omfattande vedlikehaldsarbeid. Frå 22. april til juli er brua stengd for all biltrafikk.— Mjuke trafikantar kan bruke brua i heile perioden. Brua kan bli stengd til 31. juli, men vi håpar å vere ferdige før den tid, seier byggeleiar John-Olav Kirkengen i Rogaland fylkeskommune.I stengjeperioden er Gamle Bjerkreimsvei, frå E39 ved Gjedlakleiv, omkøyringsveg.Bussane bruker lengre tidArbeidet påverkar skulebusstidene. SK 1405 og SK 1406, som køyrer mellom Bjerkreim skule og Vikeså skule, får 10 minutt lengre reisetid. Det vil seie at SK 1405 er ved Vikeså skule ca. 08:05, når skuledagen startar og SK 1406 vil vere der 08:15. Publisert av Bjørn Egil Gilje Publisert 11.04.2025 10.45 Sist endret 11.04.2025 11.00