Påmelding til SFO for skuleåret 2024-2025 (PDF, 159 kB)
Søknadsfrist for skoleåret 2024/2025 er 1. mars.
Overordna informasjon om skulefritidsordningen finn du på nettsida til kommunen.
Årsplan for SFO Bjerkreim skule 2024-2025
Velkommen til eit nytt år i SFO!
SFO held til i eigne lokalar med eigen inngang i underetasjen til skulen mot ballbingane. I tillegg kan SFO nytta gymsal, kjøkken og andre rom ved behov.
I år er vi til saman 42 elevar frå 1.-4. klasse. For at det ikkje skal oppstå nokon misforståing, ønskjer vi å ha:
• Fast avtale dersom ein elev skal gå eller sykle heim frå SFO
• Melding dersom eleven ikkje skal på SFO ein dag, er sjuk, eller skal heim til anna tid enn avtalt. Denne meldinga vil vi ha skriftleg, eller på telefon.
Telefonnummeret til SFO er: 488 98 162
På denne telefonen kan de gjerne legge igjen beskjed, vi svarar alltid på meldingar. Dersom du ikkje får: OK + namnet til den som mottar meldinga til svar så er ikkje meldinga motteken. Dersom du ringer og ikkje får svar, så ringer vi alltid tilbake så fort vi kan.
Mål for Bjerkreim skule SFO:
- gi barna omsorg og tilsyn
- skape gode vilkår for leik, sjølvstende og fritidskjensle
- la barna oppleva humor og glede
- legga til rette for fysisk aktivitet og mestring
- gi rom for rolege aktivitetar og kvile
- skape eit godt psykososialt miljø
- vi skal ha eit godt og trygt miljø med nulltoleranse mot krenking, mobbing, vald, diskriminering, rasisme og trakassering
- legge til rette for et godt og nært samarbeid mellom SFO og føresette
Leik inne og ute
Det blir mykje tid til leik både ute og inne. Det er viktig for oss at elevane trivst i SFO. Derfor får dei til ein viss grad bestemme sjølv kva dei vil gjera.
SFO skal vera med å leggje til rette for at barna får ein trygg og stabil barndom saman med heim og skule. SFO-tilbodet skal leggje vekt på barna sine eigne behov og rett til å velja og å skapa kontakt mellom barn på ulike alderssteg og klassetrinn. Det skal vera eit trygt leikemiljø der barna skal læra å visa respekt og omsorg for kvarandre, samt respektera grenser som blir satt av dei vaksne og dei reglar som gjeld for bruk av rom og utstyr.
Det hender at vi får spørsmål om elevane kan ta med egne leiker til SFO. Det er i orden for oss. Leikene tek elevane med på eige ansvar. OBS! SFO er og mobilfri sone.
Vi er ofte ute. Send derfor med varm genser, lue, vottar utebukse/dress, regntøy og støvlar. Dersom dette heng på skulen, hentar vi det der. Merk klede og sko tydeleg! Dersom vi sender med våte klede heim så husk å send med nytt tilbake.
Mat
Mat serveras etter leksehjelp på skulekjøkkenet ca kl. 13.30. Vi lærer om bordskikk og og har fokus på eit hyggeleg måltid. Elevane kan ete medbrakt frukost på SFO. Ta med vannflaske til å ha på SFO!
Opningstider
- morgon alle dagar kl. 07.00-08.00
- ettermiddag måndag, tysdag, torsdag og fredag kl. 13.00-16.30. Onsdag kl. 11.45-16.30
- Vi gjer merksam på at SFO ikkje opnar før kl. 07.00. Skulen/SFO kan ikkje ha tilsyn med elevar som møter tidlegare.
Vennleg respekter opningstida!
Henting: “Se meg når du hentar meg”. Dette opnar for at du ser barnet i samspel med andre barn og kan føre til gode samtaler mellom deg og ditt barn. Gje alltid beskjed til en vaksen når du hentar barnet!
Det er kjekt at elevar følgjer kvarandre heim etter SFO, men dersom nokre elevar skal følgja andre elevar heim så ber vi om at det blir avtalt før henting, helst dagen før. Vi opplever at det blir ein del mas når foreldra kjem og at dette ofte smittar over på andre elevar. Det opplevast òg sårt og vondt for dei elevane som aldri blir inviterte til nokon.
Dei vaksne i SFO er:
Personalet i SFO er her for barna dykkar.
• Jorunn Søyland Moi
• Anne Grethe Hovland
• Anita M. Versland
• Hanne Skårland
• Lidiia Akhizarova
• Mari-Ann Mellemstrand
• Marita Leidland Renertsen
• Thea Tollefsen
• Siw Renée Israelsson, SFO-leiar
Er det noko de lurer på, er det berre å ta kontakt! Håper vi får eit kjekt år saman i SFO.
Mvh Siw Renée Israelsson, SFO-leiar.
På nettsiden til Utdanningsdirektoratet er det publisert informasjon om SFO. SFO skal legge til rette for lek, kultur- og fritidsaktiviteter med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna, og gi omsorg og tilsyn. Rammeplan for SFO gjelder fra 1. august 2021 og skal bidra til et mer likeverdig tilbud over hele landet.
Fra 1. august 2024 gjelder følgende moderasjonsordninger i SFO
- Kommunen skal etter søknad gi reduksjon i foreldrebetalinga for skolefritidsordninga for elevar på 1. -4. trinn, slik at den pr. elev utgjør maksimalt seks prosent av inntektene til husholdningen.
- Gratis SFO for elever med særskilte behov på 5. - 7. trinn.
- Gratis SFO for elevar på 1., 2. og 3. årstrinn ( 12 timer pr. veke). Kommunen avgjør hvilke dager og tider ordningen skal gjelde.
- Søskenmoderasjon gis til det yngste barnet.
Dette er regulert i forskrift til opplæringslova § 1B-1. Du kan lese mer om regelverket på Udir sine nettsider.
Søknadsskjema for redusert foreldrebetaling i barnehage og SFO
SFO tilbud og prisar skuleåret 2024/2025
Hjemmelen for foreldrebetaling for SFO er § 13-7 i opplæringsloven.
Tilbud om skolefritidsordning blir gitt for 1.-4. trinn. Foresatte kan selv sette sammen tilbudet slik de selv ønsker for eleven i SFO ved Vikeså og Bjerkreim skule (følger skoleruten). Feriepakke som forklart i tabellen nedenfor. Plassen gjelder for ett skoleår. Det må søkes ny plass for hvert skoleår.
SFO har åpningstid kl 07.00-16.30 ved begge skolene.
KST-025/13 vedtak: ”Brukere av SFO gis mulighet for kjøp av enkelte dager dersom det er kapasitet. Utover denne endringen opprettholdes SFO tilbudet i tråd med kommunestyrets vedtak KST-004/12. Tilbudet vurderes årlig.”
Pris på SFO er oppgitt pr måned i 10 måneder. Feriepakken kommer i tillegg.
SFO tilbud og prisar skuleåret 2023/2024
Leksehjelp
SFO tilbyr gratis leksehjelp 2 timer i veka for 1. til 4. klasse, fordelt med 30 minutt måndag, tysdag, onsdag og torsdag.
Leksehjelpen gis etter skuleslutt:
Måndag kl. 13.00-13.30
Tysdag kl. 13.00-13.30
Onsdag kl. 11.45-12.15 (1.klasse)
Onsdag kl. 13.00-13.30 (2.-4.klasse)
Torsdag kl. 13.00-13.30
Elevane må hentast/gå heim etter leksehjelp. Det går ingen buss heim frå skulen etterpå.
Gje tilbakemelding til skulen om de ønskjer at barnet dykkar skal delta på leksehjelp. Kontakt SFO-leiar Siw Renée Israelsson, på e-post: siwris@bjerkreimskular.no
Kjøp av enkle dagar
Det er mogleg å kjøpa enkle dagar i SFO dersom SFO har kapasitet til det med det personalet ein allereie har.
Det er kun barn som allereie har eit tilbod i SFO som kan kjøpa enkle dagar. Kjøp av enkelt dag kostar kr. 180,-.
Søknad sendes til siwris@bjerkreimskular.no
Søskenmoderasjon gis til det yngste barnet.