Drenering/grøfting

Det kan søkjast om tilskot til drenering av tidlegare grøfta eller planert jordbruksareal.

Grøfting - Klikk for stort bilde

Målet med tilskotsordninga er å auke produksjonsevna til jorda og redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoff til vassdrag. 

Ingen nedre grense

Det er ikkje lenger noko nedre grense verken for areal eller grøftelengde.  Sjølv små prosjekt som dette vil det kunna søkjast tilskot til.

Føretak som eig eller leiger jordbruksareal som tidligare er grøfta, kan søkje om tilskot til drenering. Det kan også bli gjeve tilskot til eigar av jordbruksareal som blir leigt ut. For planerte areal kan det i tillegg bli gjeve tilskot til areal som ikkje er grøfta tidlegare.

Korleis søkje?

Søknader skal frå og med 2019 sendast inn elektronisk.

Søk tilskudd til drenering

Dei fleste vil kunne fylle ut søknadsskjemaet sjølv ved hjelp av gode forklaringar i sjølve søknadssystemet. 

NB! Dersom du likevel skulle ynskje hjelp til å søkje her på landbrukskontoret, så må du ta med deg Bank- ID brikka eller tilsvarande slik at vi får logga deg inn på Altinn.  

Det fins mykje god faginformasjon om grøfting og grøftearbeid som kan vera lurt å setja seg inn i før planen vert laga.  Noko av det beste i så måte finn du i eit hefte (PDF, 3 MB) som er laga av Bondevennen i samarbeid med m.a. statsforvaltaren og Norsk landbruksrådgiving.

Grøfteskisse - Klikk for stort bilde

 Du må laste opp kart med grøfteskisse (obligatorisk).  Her viser vi eit døme på korleis eit slikt grøftekart kan sjå ut.  Her er både systematisk grøfting og enkeltgrøfter.  

For å lage ei grøfteskisse er det fint med eit kartgrunnlag.  På NIBIO sitt gardskart er det mogleg å lage figurar, teikne inn grøfter og måle areal og lengder.  Kartskissa kan etterpå lagrast på ei pdf-fil som kan lastast opp til søknaden.  

I tillegg kan det vere aktuelt at du blant anna lastar opp følgjande vedlegg (ikkje obligatoriske):

  • avtale med eigar om å gjennomføre tiltaket dersom grøftefeltet er på leigejord.
  • dokumentasjon av tidlegere drenering eller planering
  • meir detaljert kostnadsoverslag  

Tilskotssatsar

  • Ved systematisk grøfting, profilering og omgraving: 4000 kr per dekar.
  • Ved anna usystematisk grøfting:  61 kr per løpemeter grøft avgrensa opp til 4000 kr/da 
  • Det er ikkje lenger noko minstegrense for kva som kan søkjast om og betalast ut.

Utbetaling

Når arbeidet er ferdig skal det leverast inn oppmoding om utbetaling på eit fastsett skjema. Skjemaet kan fyllast ut og leverast inn anten 

Det skal også leverast inn eit kart eller gode bilete som viser korleis grøftearbeidet er utført. Meir i detalj om arbeidsfrist og kva som trengs for å få utbetalt tilskot finn du og i løyvingsbrevet som fins i innboksen eller arkivet ditt på Altinn.  

Meir informasjon om ordninga kan du finna hjå Landbruksdirektoratet.

Kommunalt tilskot til drenering

I samband med budsjetthandsaminga vedtok kommunestyret 12.12.2023 å setja av kr 200.000 årleg til eit kommunalt dreneringstilskot, i tillegg til den nasjonale ordninga. LMT-utvalet vedtok 16.04.2024 fylgjande retningslinjer for ordninga:

  1. Kommunen betalar ut tilskot til ferdig gjennomførte grøftetiltak der jordbruksareal i Bjerkreim kommune er grøfta med drensrøyr og filtermateriale av tilstrekkeleg kvalitet. 
  2. Tilskotssatser er kr 2000 per dekar for systematisk grøfting, og kr 30 per lengdemeter for anna grøfting, avgrensa til kr 2000 per påverka dekar. 
  3. Grøftetiltaket ha vore omsøkt og godkjent etter den nasjonale tilskotsordninga for drenering av jordbruksjord, jamfør Forskrift om tilskudd til drenering av jordbruksjord, av 25.06.2013. 
  4. Førespurnad om utbetaling av tilskot frå den nasjonale ordninga, vert rekna som ein søknad om det kommunale tilskotet. 
  5. For at det kommunale tilskotet skal kunna utbetalast, må søknad og dokumentasjon oppfylla alle vilkår som vert stilt i den nasjonale ordninga. 
  6. Det vert ikkje utbetalt kommunalt dreneringstilskot til opne avskjeringsgrøfter, profilering eller omgraving av tidlegare dyrka myr. 
  7. Dei løyvde tilskotsmidla skal setjast på eit eige bunde fond, og eventuelle midlar som ikkje vert brukt opp i løpet av året, vert overført til påfylgjande år. 
  8. Dersom dei løyvde midlane vert brukt opp i løpet av året, vert tilskot utbetalt påfylgjande år etter ny løyving.

 

Det er altså ikkje naudsynt å senda inn anna søknad enn den vanlege dreneringssøknaden via Landbruksdirektoratet sitt skjema. 

Me har fått nokre spørsmål angåande punkt 6 i retningslinjene der det står at det ikkje vert løyvd tilskot til omgraving av tidlegare dyrka myr. Enkelte har tolka dette som at det kommunale dreneringstilskotet ikkje vert løyvd til ny drenering på tidlegare dyrka myrareal. Me gjer merksam på at omgraving i forskrift om tilskot til drenering av jordbruksjord er definert som fylgjande: “Omsnuing av jordprofilet på myrarealer, slik at torvjord legges under og et lag av undergrunnsjord legges på toppen. Omgraving skal drenere arealet og bedre bæreevnen.” altså ei dreneringsform utan at ein legg ned drensrøyr i grøfter. Med dei nedbørsmengdene me har i Bjerkreim, vil sannsynlegvis slike tiltak ha låg effekt. Det er heller ikkje nokon tradisjon for slik drenering i kommunen. Nå det gjeld vanleg grøfting, anten systematisk eller meir usystematisk, med drensrøyr og tilstrekkeleg filtermateriale, vil det bli kommunale tilskotet bli løyvd uavhengig av om det er på myrjord eller mineraljord.

Me gjer merksam på at det skal nyttast nok filtermateriale av god kvalitet i grøftene. Me minner om at hun ikkje har nokon filtereffekt, og difor kan det ikkje betalast ut dreneringstilskot til grøfter som er lagt med berre hun rundt røyren.

Ivar Tore Hetland
Fagkonsulent
E-post
Telefon 51 20 11 72
Mobil 92 48 13 21
Svein Olav Tengesdal
Fagkonsulent landbruk
E-post
Telefon 51 20 11 73
Mobil 99 02 10 19