Informasjonshefte Bjerkreim skule 2024-2025

10 Bussruter og skyssreglar

Bussane startar på desse tidene om morgonen
Bussruter og skyssreglar
Tid Tid Tid
Vinningland 07.25 Hattaskaret 07.25 Gravdal 07.15
Tengesdal 07.30 Varp 07.30 Hetland 07.15
Holmen Bru 07.45 Tjørn 07.20 Ognedal 07.30

Retur frå Bjerkreim Skule måndag til fredag kl. 13.00. Onsdag kl. 11.45 for 1. trinn, kl. 13.00 for 2.-7. trinn.
 

Har du spørsmål om skuleskyss, kan du kontakte:

 

Reglar for skuleskyss 
 

  • Bruk setebelte dersom det er tilgjengeleg. Eleven skal under heile turen sitje på det setet som blir vald ved påstiging. Eleven må ikkje oppta meir enn ein sitjeplass dersom det er fullt på bussen. 
  • Skulebussen kjører ikkje før 5 min. etter at skuleklokka har ringt. Sjåføren kjører ikkje før alle elvane har funne seg eit sete og sett seg. 
  • Bussane skal normalt stå på plass når skuleklokka ringjer. 
  • Ved påstiging skal sjåføren sjå til at dette skjer på ein sikker og trygg måte. Sjåføren skal stoppe bussen heilt dersom elevane kjem springande mot bussen. Elevane skal ikkje gå mot bussen før bussen har stoppa. 
  • Under gruppeturar der lærar følgjer elevane, er det læraren som har hovudansvaret for at elevane følgjer reglane, elles er dette sjåføren sitt ansvar. 
  • Dersom sjåføren oppdagar at det skjer krenkande åtferd av noko slag under skuleskyssen, skal han reagere umiddelbart. Dersom dette gjentek seg, skal skulen/foreldra informerast.
  • Elevar som krenkar andre eller på annan måte bryt reglane, kan nektast skuleskyss. Dersom elevane viser vanleg høfleg opptreden på bussen, vil alle elevar og andre passasjerar få ein trygg og triveleg busstur. 
  • Transport av elevar i skulen sin regi I samband med gratisprinsippet har ein presisert kven som kan frakta skuleelevar. Kort sagt må den som driv yrkesmessig persontransport, ha løyve. Det betyr at ordningar med privatskyss til ulike ting, så som turar og arrangement i skulen sin regi, ikkje oppfyller skulen si tilsynsplikt etter opplæringsloven. Ved anna transport vil skulen innhenta skriftleg løyve frå føresette.

 

Kolumbuskort

Elevane får eit Kolumbuskort som blir utlevert på skulen med ein skulebillett på, som kan brukast til og frå skulen i vekedagane. Elevar som mistar Kolumbuskortet sitt, må kontakta skulen sin for å få eit midlertidig skyssbevis. Eit nytt Kolumbuskort kostar 50 kr.