Informasjonshefte Bjerkreim skule 2024-2025

12 Foreldremedverknad i skulen sine organ

FAU

I grunnskulen er det lovpålagt med foreldreråd og foreldrerepresentasjon i samarbeidsutval og skulemiljøutval. Foreldrerådet blir leia av eit arbeidsutval (FAU) samansett av ein klassekontakt for kvart trinn samt leiar. Leiar av FAU er Hildegunn Gjedrem. FAU skal fremje fellesinteressene til foreldra og bidra til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. FAU skal arbeide for å:
 

  • skape godt samarbeid mellom den einskilde heimen og skulen
  • leggje tilhøva til rette for trivsel og positiv utvikling hos elevane
  • skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet. 

(Medlemmer blir valgt for 2 år. Først som vara og deretter som foreldrekontakt).

FAU
Trinn Foreldrekontakt og medlem av FAU Varamedlem
1 Marianne Apeland Løvåsen Ida Bjerkreim Ellertsen
2 Anne- Gro Fuglestad Irene Fjetland
3 Anita H. Tengesdal Karen Sofie Solberg
4 Hege Lørup Gudmund Oremo
5 Øysten Vassbø Lasse Solberg
6 Henriette Sundvor Ognedal Morten Thommesen Gjedrem
7 Geir Arne Helland Veljast på første foreldremøte

Møteplan for heim-skulesamarbeid

Møteplan for heim-skulesamarbeid
Månad Aktivitet
August Foreldremøte for  1. trinn
September Foreldremøte for 1.-7. trinn
Oktober Heim-skule samtalar for 1.-7. trinn
Februar Foreldremøte for 1.-7. trinn
Mars Heim-skule samtalar for 1.-7. trinn
Mai Årsmøte FAU