Informasjonshefte Bjerkreim skule 2024-2025

11 SFO, leksehjelp og overganger

Skulefritidsordning

Skulefritidsordninga er eit frivillig, pedagogisk tilrettelagt tilsyns- og aktivitetstilbod for barn på 1.-4. trinn. Kontaktlærarar og leiar i SFO samarbeider om årsplanar slik at ein unngår likt innhald. Elevar på 1.-3.trinn får 12 timer gratis i veka, tilbodet er ellers finansiert gjennom budsjetterte midlar og foreldrebetaling. SFO har eigen base i nordre enden av skulebygget. Sjå skulen si heimeside for meir informasjon. 

Leksehjelp

Kommunen pliktar å ha eit tilbod om leksehjelp i grunnskulen etter Opplæringslova §4-4.  Tilbodet skal vere gratis for elevane. Elevane skal ha rett til å delta på leksehjelptilbodet,men det skal vere frivillig om dei ønskjer å delta. 1.-4. trinn får tilbod om leksehjelp skuleåret 2024-2025. Det er 30 minutt leksehjelp måndag, tysdag, onsdag og torsdag. Skulen vil gjere merksam på at leksehjelpa på skulen ikkje erstattar foreldra sitt ansvar for å følgje opp elevane med lekser. Det vil ikkje bli tid eller bemanning til å høyre elevene i leselekse, gloser eller andre ting ein treng å øve på saman med ein vaksen.

Overgang frå barnehage til skule, barnehage til ungdomsskule

Bjerkreim kommune har føringar for å sikre ein god overgangen mellom  barnehage og skule. Planen (PDF, 2 MB) ligg ute på heimesida til skulen. 6 åringane blir skrivne inn på skulen i november året før dei skal byrje i første klasse. Elevane besøkjer skulen og får sjå klasserommet dei skal ha. På våren er det førskule for dei nye elevane, og eit kort foreldremøte for dei føresette. I tillegg til dette er barnehagen på besøk på skulen og 1.klasse er på besøk i barnehagen i løpet av det første skuleåret.

Bjerkreim kommune har føringar for å sikre ein god overgang til ungdomsskulen på Vikeså. Planen finn de her (PDF, 143 kB) og på heimesida til skulen.