Skolemiljø

Skulane og barnehagane i Bjerkreim skal kjenneteiknast av eit trygt lærings- og oppvekstmiljø prega av respekt, toleranse, likeverd og inkludering.

Det skal arbeidast førebyggjande ved å styrkja barn og unge sin sosiale kompetanse. Alle former for krenkande åtferd skal motarbeidast. Leiarar på alle nivå skal ta ansvar og syna nulltoleranse for dette.

Målet er at alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for krenkande åtferd. Det står m.a. følgjande i kommunen sitt manifest for eit positivt oppvekstmiljø (PDF, 3 MB):

  • Styrka innsatsen mot mobbing og krenkande åtferd gjennom auka bevisstheit, kunnskap- og kompetanseheving og konkrete handlingar.
  • Setja fokus på område som er sentrale i arbeidet for eit godt oppvekstmiljø.
  • Arbeide for samarbeid med lokale lag og organisasjonar.
  • Sørgja for at leiarar tek ansvar for å førebyggja og handtera mobbing.
  • Ytterlegare forplikta alle tilsette til å arbeida for eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø for alle barn og unge.