Plan for overgang frå barnehage til skule 2024-2028

Overgangen mellom barnehage og skule

Ungdom og barn på et balanseapparat - Klikk for stort bilde

Dette arbeidet er viktig, og konkretisert både i barnehagelova og i opplæringslova.
 

Frå barnehagelova 

§2a.Plikt til å samarbeide med skulen om overgangen frå barnehage til skule:

Barnehagen skal samarbeide med skulen om barnas overgang frå barnehage til skule og skulefritidsordning, jf. opplæringslova §4-7 og privatskulelova §5-5. Samarbeid skal bidra til at barna får ein trygg og god overgang. Barnehagen må ha tillating frå barnets foreldre for å utlevera personopplysningar om barnet til skulen.

Frå opplæringslova 

§4-7 Overgangen frå barnehagen til skulen:

Kommunen skal sørgje for at barna får ein trygg og god overgang frå barnehagen til skulen og skulefritidsordninga.

I tillegg er emnet omtalt i rammeplan for barnehage og i eigen rettleiar.

Frå rammeplan for barnehage


Barnehagen skal i samarbeid med foreldre og skulen leggje til rette for at barna kan få ein trygg og god overgang frå barnehage til skule og eventuelt skulefritidsordning. Barnehagen og skulen bør utveksla kunnskap og informasjon som utgangspunkt for samarbeid om tilbodet til dei eldste barna i barnehagen, deira overgang til og oppstart i skulen. Barnehagen må ha samtykke frå foreldre for å dela opplysningar om enkeltbarn med skulen.
Dei eldste barna skal få moglegheit til å gleda seg til å begynna på skulen og oppleva at det er ein samanheng mellom barnehagen og skulen. Barnehagen skal leggje til rette for at dei eldste barna har med seg erfaringar, kunnskap og ferdigheiter som kan gje dei eit godt grunnlag og motivasjon for å begynna på skulen. Barnehagen skal bidra til at barna kan avslutta barnehagetida på ein god måte og møte skulen med nysgjerrigheit og tru på eigne evner. Barna skal få bli kjent med kva som skjer i skulen og skulefritidsordninga.

Frå rettleiaren: «Frå eldst til yngst»


Kunnskapsdepartementet har laga ein eigen rettleiar om samarbeid og samanheng mellom barnehage og skule, Frå eldst til yngst. Her er det blant anna understreka at skulen må gjera seg godt kjent med enkeltbarnet, ikkje berre med diagnosen eller eventuelle behov for spesiell tilrettelegging.
Rettleiaren anbefaler at:

•    barnehagetida avsluttast på ein god måte, og skulen og skulefritidsordninga forbereder seg på å ta imot barnet.
•    barnet blir kjent med skulen i god tid før fyrste skuledag.
•    det er samanheng og progresjon i læringsinnhaldet i barnehage og skule.
•    foreldra godkjenner informasjonsoverføring frå barnehage til skule og har moglegheit for aktiv medverknad i denne.
•    lærarane i barnehage og skule har felles møteplassar for forventningsavklaringar, kompetanseutvikling og felles planlegging.
•    kommunen initierer, planlegg, kontrollarar og følgjer opp samarbeidstiltak gjennom overordna planar. Planane bør inkludera både kommunale og private barnehagar og skular. Barnehage- og skuleeigar har det overordna ansvaret for å leggje til rette for samarbeid.

Barn som leker i apparater på en stadion - Klikk for stort bilde