Ramme for læring
For at alle femåringar skal oppleva ein god overgang til skulen, må dei ha hatt gode tydelege rammer i barnehagen, og koma til gode og tydelege rammer på skulen. Rammene for læring er ulike ut frå alder og utvikling hjå barnet. Barnehage og skule har derfor ulike rammer for læring for at barnet skal meistre sin kvardag. For at det skal bli ein god overgang frå barnehage til skule har dei to institusjonane ulikt ansvar for å skape gode rammer for læring for barnet.
Ulikt ansvar for gode rammer for læring
Barnehagens ansvar for at barnet skal kunne:
• kle på seg sjølv
• halde orden på sine eigne ting
• læra å klara seg sjølv på toalettet
• ta imot beskjedar
• øva på sjølvregulering
• bli eit robust barn
Skulens ansvar for at barnet skal kunne:
• strukturera seg
• ta ansvar og arbeida sjølvstendig
• bruka læringsstrategiar
• få gode arbeidsvanar
• læra å setje overkomelege mål
• vurdera sitt eige arbeid
• oppleva meistring
• ta medansvar for eigen læring
• øve på sjølvregulering
• arbeida i grupper/saman med andre
For å oppnå dette trenger barnehage og skule hjelp frå føresette ved at dei…
• snakkar positivt om både barnehage og skule
• er ein positiv rollemodell som snakkar fint om andre
• finn gode måtar å vera foreldre i lag for barnegruppa/trinnet, og inkludera alle i foreldregruppa
• er ein tydeleg vaksen
• gjer barnet robust
• gjer barnet trygg på den dei er
• innarbeida ein god døgnrytme med nok søvn og sunt kosthald
• gjer leksene til ein sosial stund mellom seg og barnet