Forskrift om elevpermisjon

1 § 1 Føremål og verkeområde

Forskrifta regulerer permisjonssøknader og gjeld for alle elevar i grunnskular i Bjerkreim kommune. Forskrifta gjeld ikkje for vaksne som mottar grunnskuleopplæring etter kapittel 18 i opplæringslova. Forskrifta skal vere med på å sikre elevane sin rett til grunnskuleutdanning, og bidra til likebehandling i dei tilfella føresette søker om permisjon.