1 § 1 Eigarforhald
Bjerkreim kommune eig og er ansvarleg for drifta av skulefritidsordning (SFO) på Bjerkreim og Vikeså skule. SFO vert drifta av den enkelte skule. SFO er organisert under tenesteområde oppvekst og kultur. SFO ved kvar skule har ein dagleg leiar, men rektor ved skulen har det overordna administrative og økonomiske ansvaret for ordninga. Kommunestyret har det politiske ansvaret for forvaltninga av skulefritidsordninga i kommunen.