4 § 4 Opptaksperiode, oppseiing og endring
Søknad om opptak ved SFO skal gjerast elektronisk på skjema i Visma Flyt skule. Informasjon om dette finnest på heimesida til skulen.
Søknadsfristen er 1.mars. Opptak etter hovudopptaket blir vurdert viss det er plass.
Opptaksperiode er som elevane sitt skuleår.
Feriepakkar må bestillast særskilt, og gjeld for dei som har plass i ordninga.
Ein kan søka om enkeltdag. Dette gjeld for dei som har plass i ordninga. Ordninga om 12 timer gratis SFO i veka gjeld ikkje ved kjøp av enkeltdag.
Kommunen tilbyr gratis leksehjelp, og organiserer dette i SFO tida jf. § 4-4 i opplæringslova og § 2-1 i forskrift til opplæringslova.
Ved oppseiing av plass i SFO skal det betalast for inneverande månad pluss neste månad etter oppseiingsdato. Eleven kan nytta tilbodet i oppseiingstida.
Bytte av dag er kun mogleg viss det er plass og bemanninga tilseier det. Eleven kan stå på venteliste for plass.