Forskrift om skulefritidsordninga for Vikeså skule og Bjerkreim skule

5 § 5 Foreldrebetaling

Betalingssatsar for SFO blir vedteke i kommunestyret i samanheng med budsjettbehandlinga. Om foreldrebetalinga blir misleghaldt, kan barnet miste plassen i SFO. Betalinga vert fordelt på 10 fakturaer, første i september og siste i juni. Betalingsfri månad i juli og august. Det er 12 timer gratis SFO for 1. til 3. årstrinn som har plass i ordninga. Dette gjeld og når ein nyttar SFO i skuleferiane jf § 2-2 i forskrift til opplæringslova. For elevar med særskilte behov på 5. til 7. trinn er tilbodet gratis jf § 2-3 i forskrift til opplæringslova. 

Ettermiddagsmåltid er inkludert i prisen. Søskenmoderasjon på 25% vert gitt frå barn nr 2. Familiar med låg inntekt kan søka om redusert foreldrebetaling for SFO-plass for barn i 1.-4.trinn, jf opplæringsforskrifta § 2-4. Søknadsskjema ligg under SFO på kommunen si heimeside.