Forskrift om skulefritidsordninga for Vikeså skule og Bjerkreim skule

7 § 7 Dagleg opphaldstid og årleg opningstid

SFO har ope i skuleåret måndag til fredag frå kl.07.00-16.30 i periodar elevane ikkje har undervisning eller friminutt. Opningstida føljer skuleruta. 

For haustferie, vinterferie, kvardagar i jule- og påskeferie, tida frå skuleslutt i juni og ut månaden, samt kvardagar i august før skulestart kan ein kjøpa feriepakkar ved SFO Vikeså skule. 

SFO er stengd julafta, nyttårsafta, onsdag før skjærtorsdag, i juli månad og på skulen sine planleggingsdagar. SFO kan kreva betalt for ekstra kostnader som SFO har for elevar som bli henta etter stengetid.