Kven har rett til fri skuleskyss?
Elevar i grunnskulen som har lengre enn fire kilometer avstand mellom heim og skule. Førsteklassingar har rett på fri skuleskyss dersom dei må reise lengre enn to kilometer kvar veg.
Funksjonshemma og mellombels skadde elevar
Elevar som er varig funksjonshemma eller mellombels skadde.
Trafikkfarleg eller vanskeleg skuleveg
Elevar som har mindre enn fire (to for førsteklassingar) kilometer lang skuleveg, men som har ein spesielt trafikkfarleg eller vanskeleg skuleveg. Søknaden sender du til kommunen eleven bur i.
Å sitje på med skuleruta
Har du ikkje rett på fri skuleskyss, kan du be om å få sitje på med skuleruta så sant det er ledig plass.
Skyss ved delt bustad
Dersom det gjeld skyss ved delt bustad for elevar, må det sendast eigen søknad til Kolumbus om dette. Søknaden leverer du til skule, som formidlar den vidare til Kolumbus. Søknadsskjema finn du på nettsida til Kolumbus.
Meir informasjon om skyssordninga
Meir generell informasjon om skyssordninga finn du på heimesida til Kolumbus. Detaljerte ruteopplysningar for skuleskyssen i Bjerkreim står i infohefta til skulane.