Gå til kartet for å søkje opp din eigedom med kommune, gards og bruksnummer som inngang. Dette er ei offentleg kartteneste som alle fritt kan nytta seg av.
Det er NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) som administrerer dette kartet. Landbrukskontoret har ei rolle for å oppdatere kartet dersom det skjer endringar i jordbruksareala.
Det ligg utruleg mykje opplysningar i dette kartet. Det viktigaste er nok at du finn areala dine både totalt for eigedomen, oppdelt etter arealtype og areala på kvar einskild jordteig.
Meld gjerne frå til landbrukskontoret om du finn feil i kartet for din eigedom.
Tips til bruk av kartet:
- Finne jordbruksarealet på eigedomen
- Teikne inn arealplanar, t.d. nydyrking, grøfting, landbruksvegar m.m.
- Bruke som utgangspunkt for gjødselplanlegging
- Måle areal og lengder av t.d. eit jordstykke eller ein veg
- Finne kva som er registrert av t.d. fornminne på eigedomen
- Sjå på eldre flybilete heilt tilbake til 1973
Det fins også mange andre nyttige kart på nett.