Spreieareal og husdyrgjødsel

Bruk av husdyrgjødsel vert regulert etter forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphavRegulerer både lagring og spreiing av husdyrgjødsel, silopressaft m.m.

Viktige tilhøve som bonden må veta om

  • Lager skal vera tett.
  • Lager skal ha tilstrekkelig kapasitet til lagring i 8 mnd.
  • Husdyrgjødsel skal spreiast i vekstsesongen og seinast 1. sept.
  • Det er forbod mot spreiing på snødekt eller frosen mark (tidlegast 15. februar)
  • Det er krav om godkjent spreieareal og at det enkelte bruk disponerer nok spreieareal i høve til gjødselmengde frå dyra.
  • Fulldyrka og overflatedyrka jord blir automatisk godkjent for spreiing.
  • Innmarksbeite kan ikkje brukast til spreiing utan at det er førehandsgodkjent som spreieareal av kommunen.
  • Utmarksareal kan ikkje godkjennast som spreieareal.
  • Bruk av husdyrgjødsel skal inngå i årleg gjødselplan.  (jfr forskrift om gjødselplanlegging)

 

Meir om godkjenning av innmarksbeite som spreieareal

  • Dei fleste bruk i Bjerkreim har etter søknad fått godkjent spreieareal på innmarksbeite. 
  • Gamle godkjenningar gjeld framleis men bare for det konkrete arealet som er godkjent.
  • Mange bruk har hatt arealendringar som utløyser krav om fornya godkjenning.
  • Landbrukskontoret prioriterer dette og har starta ein systematisk gjennomgang for å oppdatere spreiearealet på innmarksbeite.
  • Det er laga ei kartløysing for registrering av godkjent spreieareal.  Dei som har fått areala sine registrert der kan finna dette på spreiearealportalen til Temakart Rogaland.   
  • Dersom du treng meir info om korleis du kan finna ditt eige spreieareal kan du lasta ned og lesa denne "steg for steg"-instruksjonen:  "sjekke eige spreieareal" (PDF, 903 kB)

Areal som skal haldast utanfor spreiearealet

  • Areal nærare enn 5 meter frå kvar side av bekk eller open grøft, vassig eller udrenert myrområde.
  • Areal nærare enn 5 meter frå offentelg veg.
  • Areal nærare enn 15 meter frå vatn eller elv .
  • Areal under kraftliner.
  • Areal med ekstra mykje stein.
  • Der ein ikkje kan koma til med aktuellt spreieutstyr.
Ivar Tore Hetland
Fagkonsulent
E-post
Telefon 51 20 11 72
Mobil 92 48 13 21
Svein Olav Tengesdal
Fagkonsulent landbruk
E-post
Telefon 51 20 11 73
Mobil 99 02 10 19