Mjølkekvote

Viktig melding til deg som har kjøpt mjølkekvote frå Staten til bruk i kvoteåret 2022. NB!  Fristen som opprinneleg var 1. november er utsett til 8. november. 

For at du sjølv eller andre skal disponera den kjøpte kvoten for kvoteåret 2022, må du innen 08.11.2021 registrera korleis den kjøpte kvoten skal disponeras.

Dette gjeld også om du skal disponera den sjølv gjennom eige foretak. Dersom du ikkje gjer denne endringa innan 08.11.2021, må du vente til 2023 før du får molka på den kjøpte kvoten.

Du må i forkant ha betalt kjøp av kvote, og det kan gå 2 – 3 virkedagar før betalinga er registrert hjå landbruksdirektoratet:

Slik gjer du

  1. Gå inn på landbruksdirektoratet eller kommunens heimeside og finn skjemaet «disponering av grunnkvote»  (sjå blått felt lenger nede på denne sida)
  2. Trykk på logg inn skjema og start tjeneste.
  3. Logg inn med deg som privatperson og ikkje foretaket , velg disposisjonsrett oppe i kanten av skjemaet.
  4. Nå vil du se kor mykje grunnkvote du som privatperson har neste år, det er det talet som står i den store blå sirkelen.
  5. Trykk på fanen «endre disposisjonsrett» nede til høyre i skjemaet.
  6. I den gule firkanten skal du nå summere grunnkvote i 2021 + den kjøpte kvoten (talet du fant i punkt nr. 4) og skrive inn  det summerte talet. (til dømes 125 000 i 2021 + 556 kjøpt = 125556 skal ta stå i den gule rammen).
  7. Trykk så på lagre disposisjonsrett. Og snipp snapp snute, så er jobben gjort og du kan logge ut. Nå står det at du har 0 liter som er udisponert.


Gå direkte til skjema og innlogging

Du finn meir informasjon hjå Landbruksdirektoratet

Svein Olav Tengesdal
Fagkonsulent landbruk
E-post
Telefon 51 20 11 73
Mobil 99 02 10 19