Ny som gardbrukarFor deg som vil starte opp som gardbrukar kan det vere mange reglar, søknader og ordningar å forhalde seg til.Landbruksdirektoratet har laga ei oversikt over ordningar for jordbruk. Dei har og ei "nøkkelside" gir ei oversikt over alle ordningar som gjeld landbruk. Bondeboka er og ei side som har samla og systematisert svært mykje informasjon som kan vera nyttig for ein bonde. Denne nettsida er laga og vert vedlikehalden av Statsforvaltaren i Vestland. Nok av stoffet er spesiellt laga for bønder og forvaltning i Vestland, men svært mykje er relevant for alle bønder. Bjerkreim kommune sine heimesider, som du nå er inne på, inneheld og ein del artiklar som det kan vere nyttig å kjenne til. Dette finn du samla under fana landbruk. Publisert av Kjell Helland Publisert 12.02.2019 20.53 Sist endret 06.08.2024 08.54