Tilskot til avløysing under sjukdom

Tilskotet skal bidra til å finansiere avløysing på gardar med husdyrproduksjon eller heilårs veksthusproduksjon når brukaren som følge av sjukdom eller anna ikkje kan delta i arbeidet på garden.

 

Ordninga skal også bidra til å finansiere avløysing på gardar med planteproduksjon eller honningproduksjon når brukaren som følge av sjukdom eller anna ikkje kan delta i arbeidet på garden i onnetida (15.04 – 01.10).

Refusjon av utgifter er avgrensa oppover til ein maksimal dagsats. Alle må søkje elektronisk.  Søknaden må leverast innan eit år etter siste dag i perioden du søkjer for.   

Fyll ut og søk

Regelverket

Ordninga gjeld:

  •  Sjukdom
  •  Svangerskap/fødsel
  •  Adopsjon av barn under 15 år
  •  Følgje sjukt barn til behandling
  •  Dødsfall

NB! Avløysar må vere fylt 15 år og ikkje vere ektefelle/sambuar.

Du må ha hatt næringsinntekt frå garden på minst halvparten av grunnbeløpet i folketrygda.  Dersom begge ektefellene har arbeid på bruket er det svært viktig at det blir ført minst ein halv G inntekt på kvar. På den måten får begge rett til sjukepengar.

Ved langtidssjukemelding vil refusjonen verta avgrensa til 365 dagar i ein 3-årsperiode.

Meir utfyllande informasjon om regelverket 

Det finn du på Landbruksdirektoratet sine sider.


Frå dag 17. gjeld også sjukepengeordninga. Den skal sørgje for at jord- og skogbrukarar får utbetalt sjukepengar rekna ut frå 100 prosent av sjukepengegrunnlaget frå 17. dag av sjukemeldingsperioden. NAV forvaltar sjukepengeordninga for jord- og skogbrukarar som ein del av si vanlege sjukepengeforvalting, og du må sende søknaden til NAV.  

Les meir om regleverket og sjukepenger frå NAV.

Ingunn Ognedal
Førstesekretær
E-post
Telefon 51 20 11 65