Drift av beitelag (organisert beitebruk)Dette er eit tilskot for å støtte organisering av effektivt og forsvarleg tilsyn og sanking av eigne og andre sine dyr i laget sitt område og tilpassa lokale forhold. Søknadsfristen er 15. november Beiteområdet skal inspiserast minst ein gong kvar veke slik at unormale tilhøve blir oppdaga og nødvendige tiltak blir sette i verk. Tilskotet skal gå til fellestiltak, og det er ikkje høve til å fordele tilskotet jamt til medlemane som eit ekstra beitetilskot. Same beitelag kan heller ikkje få tilskot til dei same dyra frå to fylke. Rettleiingshefte for 2021 er utarbeida av Statsforvaltaren som ei ordning tilknytta Regionalt miljøprogram.Fyll ut og lever søknadKrav til godkjende beitelagNyregistrerte lag skal ha minst 5 medlemmer og 300 småfeeiningar. Minstekrav for eksisterande lager 3 medlemmer og 150 småfeeiningar. Ordninga gjeld for heimsanka sau, geit, hest og storfe. Lagetmå organisere felles beitebruk på utmark i minimum 6 veker i sommarhalvåret. I tillegg er det følgjande krav: Laget skal ha eigne lover og eit styre vald av medlemmene i laget. Laget skal vere ope for brukarar som har tilgang til utmarksbeite i eit område der samarbeid kan fremje bruk av beiteområda. Laget skal bruke alle tilskot til laget til å fremje den organiserte beitebruken i området gjennom felles tiltak. Laget skal føre rekneskap. Laget kan ikkje overføre tilskot til medlemane utan dokumenterte utlegg eller utgifter knytt til den organiserte beitebruken. Laget skal organisere effektivt og forsvarleg tilsyn og sanking av eigne og andre sine dyr i laget sitt område, tilpassa lokale forhold. Beiteområdet skal inspiserast minst ein gong kvar veke, slik at unormale tilhøve blir oppdaga og nødvendige tiltak blir sette i verk. Laget skal samarbeide med tilgrensande lag når det kan effektivisere ressursbruk og utnytting av beita. Dette gjeld særleg sanking og ettersanking. Laget skal notere på fastsett skjema opplysningar om gjennomført tilsyn (dato, tilsynsrunde, unormale tilhøve i beiteområdet og tiltak som er sett i verk). Statsforvaltaren og kommunen kan i særlege høve be om å få lagt fram denne dokumentasjonen. Meir orientering om regelverket, krav til beitelag, søknadsprosedyrar m.m.:StatsforvaltarenLandbruksdirektoratet Publisert av Kjell Helland Publisert 08.02.2019 15.07 Sist endret 19.08.2024 09.39