Regionalt miljøprogram (RMP)

Regionale miljøtiltak er miljøtiltak på eigen gard.  Ordninga gjeld for heile landet, men har eigne forskrifter i kvart fylke. 

Statsforvaltaren i Rogaland sine nettsider ligg det ei god oversikt over dei ulike tilskotsordningane. 

Søknadsfrist 15. oktober

Søknadsfristen er 15. oktober (du kan søkje frå 15. september). Søknaden gjeld tiltaka som er gjort i vekstsesongen 2024.  Frist for å registrere areal med miljøverdiar, merking av tursti, avmerking av tursti på kart m.m. er likevel 31. juli.

  • Søknader som kjem inn innan fristen 15. oktober kan endrast og oppdaterast fram til 29. oktober (likt som produksjonstilskot).
  • Søknader som kjem inn etter 15. oktober får eit trekk på 1000 kr. pr dag som søknadsfristen er overskriden. Søknader som kjem inn seinare enn 29. oktober blir avvist.

 
Fyll ut og lever søknad

For ein del av ordningane ligg det klar data frå tidlegare søknader. Desse opplysningane ligg klar på kartet og kan hentast over til nytt år. Du bør likevel kontrollere at opplysningane på kartet  stemmer og kontrollere at tala er dei same som forrige år dersom det ikkje er nokon endringar. 
For denne ordninga er det framleis mogleg å levere søknad på papirskjema.

Lurt å søkje elektronisk

Vi oppmodar likevel alle til å søkja elektronisk. Ikkje minst fordi du då får med deg data frå tidlegare søknad og at du får rettleiing etter kvart som du fyller ut søknaden. Det vert og utført kontrollar på korrekt utfylling og du får kvittering på at søknaden er motteken.

Landbruksdirektoratet har laga ein steg for steg-informasjon. Kommunen har og laga ein eigen steg for steg-rettleiar. (PDF, 100 kB)
Dersom du treng meir hjelp av oss så ta kontakt på telefon og avtal tid. Hugs og å ta med deg  bankid-brikke eller tilsvarande for å logge inn på Altinn.

Kven kan søkje?

Alle føretak som har rett på produksjonstilskot  i søknadsåret kan søkje.  Søkjar må ha årleg gjødselplan og godkjent plantevernjournal. 
 

Ordningar relevante for Bjerkreim

For 2024 er det ikkje gjort nokon vesentlege endringar i dei ulike tilskotsordningane.  Nedanfor listar me opp nokon av dei ordningane som er mest relevante for søkjarar i Bjerkreim

  • Vedlikehald av ferdselsårer i jordbrukslandskapet:  Gjeld registrerte, merka og kartfesta turstiar.
  • Skjøtsel av bratt areal: Gjeld dyrka jord og innmarksbeite brattare enn 1:5. Ikkje nok med berre beiting, men areala må til dømes gjødslast og haldast i god hevd, og ugras må haldast nede
  • Skjøtsel av automatisk freda kulturminne: Ikkje lenger krav om 15 daa freda areal, utbetaling frå fyrste dekar. Ved tilskot til enkeltståande gravminne er det framleis krav om minst 3 stk. 
  • Miljøvenleg gjødselspreiing: Tilskot til areal der all husdyrgjødsel er spreidd med nedfelling eller nedleggingsutstyr.  Det vert gitt ekstra tilskot der ein nyttar tilførselsslange. Husdyrgjødsel skal ikkje spreiast seinare enn 10. august. Det er sett ei grense på maksimalt 6 tonn gjødsel per gjødsling, dette for å unngå avrenningsproblematikk.
  • Beiting av kystlynghei: Minimum beitetid er sett til 10 veker. Dette for å sikra tilstrekkeleg avbeiting av areala.
  • Brenning av kystlynghei:  Brenninga skal skje mellom 15.09 og 15.04, og skal alltid avklarast med lokalt brannvesen og lagas brannplan i forkant. Det skal gå minimum 10 år mellom kvar brenning. Maksimalt tilskot pr. foretak er 60 000,-.
  • Skjøtsel av myr: Intakt myr som er klassifisert som myr i AR5 og ligg inntil dyrka jord eller innmarksbeite godkjent som spreieareal kvalifiserer til tilskot. Skjøtselen skal vera i tråd med skjøtselsråd definert i retningslinjer frå statsforvaltaren.
  • Kantsone langs vassdrag: Det kan gis tilskot til ugjødsla kantsone langs vassdrag.
  • Klimarådgiving: Det gis tilskot til føretak som har gjennomført godkjent rådgivingsprogram for klimarådgiving.

Det fins fleire typar tiltak som kan søkjast på.  Ei samla oversikt over kva miljøprogrammet omfattar, og kva som er regelverket for ordninga, er å finne på statsforvaltaren sine nettsider.

Einkvar som søkjer pliktar å setje seg godt inn i regelverket for den ordninga som vert søkt på. Om du søkjer på ei ordning du ikkje har søkt på tidlegare, så er det svært viktig at du set deg inn i kva vilkår som gjeld. Ta gjerne kontakt med oss på landbrukskontoret om du har spørsmål
 

Forskrifter og anna informasjon om ordninga:

Forskrifter i lovdata

Informasjon frå Landbruksdirektoratet

Informasjon frå statsforvaltaren

Svein Olav Tengesdal
Fagkonsulent landbruk
E-post
Telefon 51 20 11 73
Mobil 99 02 10 19
Gerd Siqveland Engelsgjerd
Landbrukssjef
E-post
Telefon 51 20 11 70
Mobil 97 61 85 19
Ivar Tore Hetland
Fagkonsulent
E-post
Telefon 51 20 11 72
Mobil 92 48 13 21