Skulen er delt i to bygg, kor barnetrinnet held til i trebygget, som var ferdig i 2013 og ungdomsskulen bruker murbygget frå 1967. Kvart bygg har eige uteområde som elevane bruker i friminutt. I tillegg er me opptatt av å bruka nærområdet og dei moglegheitane me har der.
Me har eit oppdatert og engasjert personale som er opptatt av å sjå og ivareta den enkelte elev på best mogleg måte. Me arbeider etter visjonen "Me vil vera med å gje elevane røter og venger slik at dei blir i stand til å meistra livet". Me er opptekne av å ha eit positivt elevsyn, skapa eit godt klassemiljø og eit motiverande læringsmiljø.
Sidan hausten 2019 har skulen satsa på 1:1 løysing via Google-systemet, og alle elevar har no eigen Chromebook til bruk i læringsarbeidet. Føresette kan følge barnet si faglege utvikling via Visma flyt skole, og vil bli invitert til minst to felles foreldremøter, og to individuelle utviklingssamtalar pr. skuleår.
Skulen har eigen SFO som og er open i skuleferiar, med unntak av juli månad.
Velkommen til oss!