13 Bussruter og skyssreglar
Skuleskyss
Stortinget har bestemt at alle elevar som bur meir enn fire kilometer frå skulen, har gratis skuleskyss.
I tillegg har Bjerkreim kommunestyre bestemt at:
- alle elevar i 1.-4. trinn. som bur meir enn 2,5 km frå skulen, har gratis skuleskyss.
- alle elevar i 1.-7. trinn som må kryssa E 39 eller gå/sykla langs E 39, har gratis skuleskyss.
- I tillegg har elevar på 1.trinn som har kortare skuleveg enn 2 km fri skuleskyss på ordinære
skuleruter. - Kommunestyret har og bestemt at elevar som bur meir enn 2,5 km frå der dei kan gå på
skulebussen, får eit tilskot på kr 16,- pr. dag (indeksregulert) i tida 01.11 - 28.02. - Dersom ein elev blir sjuk på skulen og ikkje kan bli henta har han/ho rett til å bli kjørt heim.
Alle elevar med rett på skyss får eit busskort frå Kolumbus som dei må bruka når dei reiser til og
frå skulen. Det er bare på denne strekninga kortet gjeld. Elevar utan skyssrett må betala ved bruk
av skulebuss.
Busskortet er eit verdidokument. Om eleven mistar det må føresette ta kontakt med
kontorpersonalet på skulen snarast og få eit midlertidig reisebevis. Dette gjeld som busskort medan ein ventar på nytt kort.
Busstider
Bussane startar på desse tidene om morgonen
Reglar for skuleskyss
- Bruk setebelte dersom det er tilgjengeleg. Eleven skal under heile turen sitje på det setet som blir vald ved påstiging. Eleven må ikkje oppta meir enn ein sitjeplass dersom det er fullt på bussen.
- Skulebussen kjører ikkje før 5 min. etter at skuleklokka har ringt. Sjåføren kjører ikkje før alle elvane har funne seg eit sete og sett seg.
- Bussane skal normalt stå på plass når skuleklokka ringjer.
- Ved påstiging skal sjåføren sjå til at dette skjer på ein sikker og trygg måte. Sjåføren skal stoppe bussen heilt dersom elevane kjem springande mot bussen. Elevane skal ikkje gå utanfor gjerdet på skuleplassen før bussen har stoppa.
- Under gruppeturar der lærar følgjer elevane, er det læraren som har hovudansvaret for at elevane følgjer reglane, elles er dette sjåføren sitt ansvar.
- Dersom sjåføren oppdagar at det skjer krenkande åtferd av noko slag under skuleskyssen, skal han reagere umiddelbart. Dersom dette gjentek seg, skal skulen/foreldra informerast.
- Elevar som krenkar andre eller på annan måte bryt reglane, kan nektast skuleskyss.
Dersom elevane viser vanleg høfleg opptreden på bussen, vil alle elevar og andre passasjerar få ein trygg og triveleg busstur.
Transport av elevar i skulen sin regi
I samband med gratisprinsippet har ein presisert kven som kan frakta skuleelevar. Kort sagt må den som driv yrkesmessig persontransport, ha løyve. Det betyr at ordningar med privatskyss til ulike ting, så som turar og arrangement i skulen sin regi, ikkje oppfyller skulen si tilsynsplikt etter opplæringsloven. Ved anna transport vil skulen innhenta skriftleg løyve frå føresette.