Informasjon til elevar og føresette på barnetrinnet

5 Heim-skule-samarbeid

Vi minner først om teieplikta
Eit trygt og tillitsfullt samarbeid kviler bl.a. på at alle partar hugsar på teieplikta. Eit tettare samarbeid med skulen inneber at ein kan få innsyn i forhold som har med enkeltelevar å gjera. Tillit til at informasjon ein tilegnar seg gjennom samarbeid med skulen ikkje kjem ut er avgjerande for å kunne invitera føresette inn i klasserommet.

Innsynsrett
Elevar og deira føresette har etter personregisterloven §7, 1. og 2. ledd rett til innsyn. Det vil seia at
dei har rett til å gjera seg kjende med dokument/rapportar skulen måtte ha om eleven.