3 Overgang barnehage – skule
Bjerkreim kommune har føringar for overgangen mellom barnehage og skule. Denne planen vart revidert i 2019. Planen ligg ute på heimesida til skulen.
På Vikeså skule ønsker vi at elevane skal kjenna seg velkomne og verdsette frå første dag. Me har oppdatert fadderordninga vår for å sikra dette. I tillegg til det skulen gjer åleine, er det nødvendig med godt samarbeid skule, barnehage og heim imellom.
Under kjem nokre råd som kan vera gode under og etter skulestarten.
Haldningar og forventningar
- La borna oppleva at de som foreldre har ei positiv haldning til skulen.
- Foreldre og lærarar må ta den eventuelle uroa barnet føler, på alvor.
- Gje barnet mot til gradvis å greia seg meir på eiga hand.
- Finn fram til barnet sine sterke sider, og gi barnet ros for alt det får til.
- La barnet møte positive forventningar som det kan innfri : ”Eg veit at du greier det.”
Reglar og dagsrytme
- Faste rutinar og reglar er trygt å halda seg til i kvardagslivet.
- Barnet bør rosast, når det held avtalar.
- Brot på reglar bør få logiske og rimelege konsekvensar.
Samspel med andre
- Godt samspel kan trenast opp.
- Øv barnet i å takle tap og nederlag på ein god måte
- Hugs at born lærer meir av det vi gjer, enn det vi seier.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- Gjennom praktiske oppgåver heime lærer barnet å ta ansvar og arbeide sjølvstendig.
- God rettleiing dersom barnet mislukkast, gir det trening i å takle motgang.
- Hjelp barnet i starten å halda orden på skulesakene.
- Følg opp lekser og beskjedar frå skulen
- Begynn alt i 1.trinn med gode arbeidsvanar omkring heimearbeidet.
Mat og klede
- Sørg for at barnet et god frukost og har med seg sunn niste på skulen, dette aukar konsentrasjon og lærelyst.
- Gi barnet klede og utstyr som det greier å ta av og på sjølv, og hugs: merk alle eigedelar!
Felles opplevingar
- Set dagleg av minst 15 minutt til samtale, song eller lesing saman med barnet.
- Gjer barnet kjent med biblioteket.
- Lær barnet å setja ord på tankar, kjensler og opplevingar.
- Ha klare og tydelege rammar for mediebruk ( mobil, data, spel, film etc. )
Tilbakemeldingar og dialog
- Ta kontakt med skulen om det er vanskar sosialt eller fagleg.
- Trivsel er ein føresetnad for læring. Barnet skal ha det trygt og godt hos oss. Gje raskt beskjed om de heime mistenkerat barnet ikkje trivst på skulen av ulike årsaker.