1 Vel møtt til eit nytt skuleår, og som føresette til elev på barnetrinnet !
No startar de på ei lang trapp. 10 trinn skal eleven klatra, og for at dette skal bli ei lærerik og god tid for eleven og heimen, treng skulen at begge foreldra tek del i skulekvardagen til eleven. Sjå råda som står på side 4 i dette infoheftet.
Det er viktig for oss at de veit kva eleven skal læra, og kva som skal til for å læra mest mogleg. Difor vil me vera tydelege på måla i faget og gje ei vurdering undervegs. Dette vil på barnetrinnet bli gitt i form av skriftlege og munnlege tilbakemeldingar frå læraren.
Ein viktig del av Kunnskapsløftet 2020, er at elevane skal læra å løysa faglege utfordringar på eigahand og saman med andre. Mange av elevane skal utdanna seg til yrke som ennå ikkje finst, og bruka teknologi i framtida, som endå ikkje er oppfunne. Difor må me læra dei å bruka digitale verktøy på ein god måte. På Vikeså skule, brukar elevane Chromebook som arbeidsverktøy og Google Classroom som digital plattform. Me er òg opptekne av at elevane skal ha eit sunt forhold til Internett, og bruka “nettvett”.
På Vikeså skule er me opptatt av at elevane skal bli gode lesarar. Å lesa er viktig i alle fag, men ingenting kjem av seg sjølv. Skal ein bli god til å spela piano, må ein øva på piano. Skal du bli god til å spela fotball, må du trena på å spela fotball, og skal du bli god til å lesa, må du lesa! Set av tid til lesing saman med barnet heilt opp til 7.trinn.
Me er og opptatt av at alle skal ha det trygt og godt på skulen. Difor har me nulltoleranse i høve til krenkingar. Med dette meiner ein ikkje at det aldri førekjem krenkingar på skulen vår, men om det skjer, skal de vera trygge på at me tek tak i det. Når elevar krenkar kvarandre, kan ikkje skulen alltid ordna opp i dette åleine. Me tek kontakt med foreldra til dei involverte elevane, og finn saman ei løysing på problemet. Om problem blir avdekka heime forutset me at heimen tek kontakt med skulen. Elevane har rett til å ha det trygt og godt på skulen, og då må me vera tydelege på kva me som skule står for, og kva me forventar av elevane og foreldra. Dette gjer me gjennom kontinuerleg arbeid med bl.a. ART og kollektive ferdigheitar.
Svanhild Gjedrem, rektor
Vegard Audenby, inspektør 8.-10.
Lars Kristian Ramsli Larsen, inspektør 1.-7.