16 Bussruter og skyssreglar
Alle elevar får no eit busskort frå Kolumbus som dei MÅ bruke når dei reiser til og frå skulen. Det er berre på denne strekninga kortet gjeld. Elevar som ønskjer å nytta skulebussen, men ikkje har rett på skuleskyss, må betala. Busskortet må sjåast på som eit verdidokument! Dersom ein elev mistar det må ein ta kontakt med kontorpersonalet på skulen snarast og få eit midlertidig reisebevis. Dette gjeld som busskort medan ein ventar på nytt kort.
Skuleskyss
Stortinget har bestemt at alle elevar som bur meir enn 4 km frå skulen, har gratis skuleskyss.
I tillegg har Bjerkreim kommunestyre bestemt at:
▪ elevar som bur meir enn 2,5 km frå der dei kan gå på skulebussen, får eit tilskot på kr 16,- pr. dag (indeksregulert) i tida 01.11 - 28.02.
▪ Dersom ein elev blir sjuk på skulen og ikkje kan bli henta, har han/ho rett til å bli køyrt heim.
Busstider
Bussane startar på desse tidene om morgonen
Reglar for skuleskyss
- Eleven skal under heile turen sitja på det setet som blir vald ved påstiging. Eleven må ikkje oppta meir enn ein sitjeplass dersom det er fullt på bussen.
- Under køyring er det ikkje tillate å vandre i midtgangen. Det er heller ikkje tillate å krype over eller under setene. Å sitje på motorkassa, rett bak frontruta o.l. er ikkje tillate.
- Skulebussen køyrer ikkje før 5 min. etter at skuleklokka har ringt. Sjåføren køyrer ikkje før alle elvane har funne seg eit sete og sett seg.
- Bussane skal normalt stå på plass når skuleklokka ringjer.
- Ved påstiging skal sjåføren sjå til at dette skjer på ein sikker og trygg måte. Sjåføren skal stoppa bussen heilt dersom elevane kjem springande mot bussen. Elevane skal ikkje gå utanfor markeringane før bussen har stoppa.
- Under gruppeturar, badekøyring o.l. der lærar følgjer elevane, er det læraren som har hovudansvaret for at elevane følgjer reglane, elles er dette sjåføren sitt ansvar.
- Dersom sjåføren oppdagar at det skjer krenkingar av noko slag under skuleskyssen, skal han reagere umiddelbart. Dersom krenkinga gjentek seg, skal skulen/foreldra informerast. Elevar som krenkar andre eller på annan måte bryt reglane, kan nektast skuleskyss.
Dersom elevane følgjer "Trivselsreglane" og viser vanleg høfleg opptreden på bussen, vil alle elevar og andre passasjerar få ein trygg og triveleg busstur.