Informasjon til elevar og føresette på ungdomstrinnet Innhold og søk Søkeord Søk Vis innholdsfortegnelse 1 Vel møtt til eit nytt skuleår, og som føresette til elev på ungdomsskulen! 2 Dette finn du informasjon om på nettsida vår 3 Forventingar 4 Heim-skule-samarbeid 5 Foreldre som ikkje bur saman 6 Gratisprinsippet i skulen 7 Transport av elevar i skulen sin regi 8 Ordning av skuledagen 9 Målform i grunnskulen 10 Trygt og godt skulemiljø 11 Karakterar og klagerett 12 Føring av fråver på vitnemålet 13 Skulemateriell 14 Rådgjevar 15 Helsestasjon for ungdom 16 Bussruter og skyssreglar 17 Trivsels- og ordensreglar Til dokumentforside Last ned som PDF Forrige kapittel Neste kapittel 5 Foreldre som ikkje bur saman Info i dei tilfella der foreldre har felles foreldreansvarBegge foreldra har rett til same informasjon om barnet sin skulegang. Den av foreldra som barnet ikkje bur hos, vender seg då til skulen og bed om å få informasjonen direkte til seg sjølv. Då vil dette gå automatisk kvar gong slik blir sendt. Unntak frå dette er dei reint daglegdagse beskjedar så som skulebøker, gymtøy osb.Dersom skulen ikkje får oppmoding om å gi nemnde info, treng dei heller ikkje gje det på eige initiativ.Info i dei tilfella der foreldre ikkje har felles foreldreansvar.Den av dei biologiske foreldra som ikkje har foreldreansvar, har rett til informasjon om barnet sin skulegang når det blir bede om det. Skulen skal m.a.o. informera på oppmoding i kvart einskild tilfelle. Den som ikkje har foreldreansvar, kan såleis ikkje krevja generelt å bli halden løpande orientert om skulegangen slik ein kan ved felles ansvar.Dersom skulen gir avslag på å gi opplysningar, skal det grunngjevast skriftleg grunna klagemoglegheiter.Deltaking på foreldremøte m.m.Foreldre med felles ansvar, har same rett til å delta på foreldremøte.Biologiske foreldre som ikkje har del i foreldreansvaret, kan delta dersom den som har ansvaret gir sitt samtykke.Når det gjeld informasjon (herunder deltaking på foreldremøte) til andre personar som ikkje er biologiske foreldre (ny ektefelle, sambuar, nære familiemedlem), kan det bli gitt dersom vedkommande har skriftleg samtykke til det frå begge som har foreldreansvar.Både når foreldra har og når dei ikkje har felles ansvar, skal det takast omsyn til følgjande:Det er opplysningar om barnet og barnet si stode om ein har krav på å få vita. Opplysningar som gjeld den av foreldra som barnet bur fast saman med, eller barnet sin heimesituasjon, skal ikkje gjevast.Det kan oppstå situasjonar der eldre barn har krav på taushet. Opplysningar kan ein då ikkje gje utan at barnet samtykker.Rundskriv F-36-98 frå KUFVi ber om at skulen får skriftleg beskjed om kven som skal ha innsyn og kvensom skal ha innkalling til ulike møter. Forrige kapittel Neste kapittel