Informasjon til elevar og føresette på ungdomstrinnet

11 Karakterar og klagerett

Elevane sin klagerett er regulert i forskrift til opplæringslova kap. 10. De finn meir informasjon om dette her:

Klage på fastsetjing av standpunktkarakter i fag

§ 10-5.Klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag

Klage på standpunktkarakter i orden og i oppførsel

Klage på karakter ved skriftleg eksamen

Klage på gjennomføringa av munnleg eksamen og eksamen som ikkje berre er skriftleg eller munnleg

I forskrifta til opplæringslova står mellom anna dette: 

Grunnlag for vurdering i fag

Om eleven har for stort fråvær frå skulen kan han/ho risikera å ikkje få karakter i eit eller fleire fag. Om ein elev står i fare for ikkje å få karakter i eit eller fleire fag, vil det bli varsla. Dette gjeld uavhengig av om fråveret er dokumentert eller ikkje.

§9-1.Vurdering i fag

“Formålet med vurdering i fag er å fremje læring og lærelyst og å gi informasjon om kompetanse undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faga.
Grunnlaget for vurdering i eit fag er kompetansemåla i læreplanen i faget. Kompetansemåla skal forståast i lys av teksten om faget i læreplanen. Elevar og dei som har opplæring i bedrift, skal vere gjort kjende med læreplanen i faget.
Føresetnader, fråvær, orden eller oppførsel skal ikkje trekkjast inn i vurderinga i fag. Innsats kan vere ein del av vurderingsgrunnlaget berre dersom det følgjer av læreplanen i faget.
Stort fråvær eller andre særlege forhold kan føre til at lærarar og instruktørar ikkje har tilstrekkeleg grunnlag til å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag”.

Om ein elev av desse grunnane ikkje får karakter i eit fag ved avslutning av 10.trinn vil dette telja som 0 ved utrekninga av eit karaktergjennomsnitt. 

Fritak frå vurdering med karakter

Det er fire lovparagrafar som kan vera gjeldande dersom ein ynskjer fritak frå vurdering med karakter. Dette er følgande:
Fritak frå vurdering med karakter for elevar som får individuelt tilrettelagd opplæring.

Fritak frå vurdering med karakter for elevar i innføringstilbod m.m.

§ 9-21.Fritak frå vurdering med karakter i eit av dei norske skriftspråka

§ 9-23.Fritak frå vurdering med karakter i kroppsøving

Skulen gjer her merksam på at det må søkjast årleg, og at rektor svarer på søknad med enkeltvedtak jamfør gjeldande paragraf.