14 Rådgjevar
Rådgjevar har som oppgåve å hjelpa deg som elev, spesielt på to område:
- Sosialpedagogiske oppgåver: Det kan dreia seg om problem med trivselen på skulen eller at motivasjonen for skulearbeid er dårleg. Vidare kan elevar ha ulike personlege og sosiale vanskar å stri med. Ein kan snakka med rådgjevar om konfliktar angåande fag og medelevar eller andre forhold knytt til skulekvardagen.
- Vidaregåande skular/yrkesorientering: Rådgjevar har ansvar for faget Utdanningsval. Rådgjevar vil orientera på foreldremøte om dette temaet. Elevane vil både få orientering gruppevis og følgjast opp individuelt. Vidare vil ein samarbeida med vidaregåande skule med tanke på tilrettelagt opplæring. Elevane vil få hjelp med søknadane til vidaregåande skule. Elevane søkjer sjølv på vigo.no
Det blir arrangert ekskursjonar til yrkesmessa/vidargåande skular. Dessutan formidlar rådgjevar mykje opplysningsstoff om vidareutdanning.
Kjersti Stendal Bjerkreim: Tlf.nr. 51 45 93 05