Informasjon til elevar og føresette på ungdomstrinnet

13 Skulemateriell

  • Elevane får ein del utstyr i løpet av skuletida.  Dette er meininga skal vara heile skuletida. Dei får det med seg når dei sluttar skulen. 
  • Mistar dei noko eller øydelegg det, må dei kjøpa nytt.
  • Lærebøkene set vi nå eigarlapp i slik at vi kan sjå korleis elevane tek vare på dei. Alle bøkene må elles ha brede.
  • Øydelagde bøker må erstattast. Målet er å få ein praksis der alle tek godt vare på ting, bøker og utstyr.
  • Øydelegg elevar ting på skulen (glasruter m.m.) må dei erstattast. Rekning blir sendt heim via kommunekassa.

Ein minner elles om at: 

  • elevane har leksefri etter fri- og planleggingsdagar
  • elevane ikkje har lov å gå utanfor skuleområdet i skuletida utan lov frå lærar. (Vakta skal i så fall underrettast).
  • attgløymde klede blir lagt fram v/ trappenedgangen under vestibylen. Klede som ikkje blir henta blir sendt til Fretex, kort tid etter at heim-skulesamtalane er ferdige.
  • klokker, smykker og andre verdisaker som er attgløymde, blir lagt ned til kontorpersonell