Informasjon til elevar og føresette på ungdomstrinnet

7 Transport av elevar i skulen sin regi

I samband med gratisprinsippet har ein og presisert  kven som kan frakta skuleelevar. Kort sagt må den som driv yrkesmessig persontransport, ha løyve. Det betyr at ordningar med privatskyss til ulike ting, så som turar og arrangement i skulen sin regi, ikkje oppfyller skulen si tilsynsplikt etter opplæringsloven. Ved anna transport vil skulen innhenta skriftleg løyve frå føresette.