17 Trivsels- og ordensreglar
Som elev har du mange rettar og plikter.
Du har mellom anna rett på:
- å ha det trygt og godt på skulen og på skulevegen
- at alle er høflege og greie mot deg
- at ingen ertar/mobbar deg eller kjem med nedverdigande ord/omtale
- å bli behandla rettferdig av lærarane
- at sykkel, ytterklede, veska og andre ting som er dine får vera i fred
- nødvendig ro i timane
- å få pult og stol som passar deg
- å bli teken på alvor og få hjelp av lærarane, dersom nokre av punkta ovanfor er brotne
- nødvendig pausetid
Vær rask med å sei ifrå til skulen dersom nokre av desse rettane vert brotne. Dette kan du gjere via mail/telefon, samtale med vaksne på skulen eller via trivselsundersøkinga som vert gjennomført 2 gonger pr. skuleår i samband med heim-skule samtalane.
Friminutt/midttime
- Midttimen er på ulik tid for barnetrinnet og ungdomstrinnet. Midttimen startar med 20 min. matpause. I matpausen skal alle vera i sitt baserom. Det gjeld og for dei som er i andre rom med midttimen mellom timane. Unntak er dei som er på skulekjøkken. Ingen går ut før etter 15 minutt, dersom dei ikkje har avtale med vaksen.
- I midttimen og i friminutta skal ingen vera på baseromma. Unntak er tilfelle der du har avtale med ein lærar om øving eller liknande, eller ved større prøvar. Vaktene skal ha beskjed om slike avtalar
- Alle har godt av å vera ute i frisk luft, difor oppfordrar vi alle til å gå ut i friminutt og midttime.
Skulen viser elles til orden- og åtferdsreglementet som vart utarbeidd i kommunen 2021. Revidert utgåve vil kome hausten 2024 revidert etter ny opplæringslov. Skulereglane vil bli kunngjort etter at kommunetyret har vedteke dei.