1 Vel møtt til eit nytt skuleår, og som føresette til elev på ungdomsskulen!
Vel møtt til eit nytt skuleår, og som føresette til elev på ungdomsskulen!
Å vera elev på ungdomsskulen kan vera utfordrande på mange ulike måtar! Du er blitt eldre og må ta meir ansvar for deg sjølv. Du er likevel ikkje gammal nok til å ta ansvar for alt sjølv, og både du og skulen er avhengige av at føresette støttar opp om skulekvardagen din. Dei må hjelpa deg med gode rutinar for orden/åtferd og følgja med på skulearbeidet ditt. Dette gjer dei ved å leggja til rette for at du får gjort lekser, høyra deg i leksa og hjelpa deg med førebuing til prøvar. Når du er på skulen, er det viktig at du får arbeidsro, og at lærarane ser deg og det arbeidet du gjer.
Informasjonen i dette heftet er det viktig at både du og foreldra dine les. Her er det informasjon som gjeld alle tre åra på ungdomsskulen.
Det er viktig for oss at du veit kva du skal læra, og kva du må arbeida med for å bli best mogleg. Difor er det i kvart fag viktig at du kjenner kompetansemåla og karakterkriteria og får ei vurdering undervegs. Dette får du både i form av karakterar og skriftlege og munnlege tilbakemeldingar frå læraren din.
På Vikeså skule er me opptatt av at du skal bli god til å lesa. Å lesa er viktig i alle fag. Det er viktig for at du skal læra det du skal. Ikkje noko kjem av seg sjølv. Skal du bli god å spela piano, må du øva på piano. Skal du bli god å spela fotball, må du trena på å spela fotball, og skal du bli god å lesa, må du lesa!. For elevar med lese- og skrivevansker er dette spesielt utfordrande. Dei treng ekstra trening, og vil få hjelpemiddel som skal gjera lesinga lettare for dei.
Me er opptatt av at alle skal ha det bra på skulen. Difor har me nulltoleranse for krenkande åtferd. Med det meiner me ikkje at det aldri førekjem krenkingar på skulen vår, men om det skjer, skal du vera trygg på at me tek tak i det. Viss elevar er ufine med kvarandre, kan ikkje skulen ordna opp i dette åleine. Då tek me kontakt med foreldra til dei involverte elevane, og finn saman ei løysing på åtferda. Om du vel å fortelja mor eller far om ugreie opplevingar, går me ut frå at dei tek kontakt med skulen. Du skal ha det trygt og godt hos oss, og då må me vera tydelege på kva me som skule står for, og kva me forventar av deg og dei rundt deg.
Skuleåret 2024/25 tek til torsdag 15. august klokka 08.05.
Med ønske om eit fint og lærerikt skuleår;
Svanhild Gjedrem, rektor
Vegard Audenby, inspektør 8.-10.trinn
Lars Kristian Ramsli Larsen, inspektør 1.-7.trinn