Skulefritidsordninga (SFO)

Skulefritidsordninga er eit frivillig aktivitetstilbod til barn på 1.-4.trinn.

Søknadsskjema SFO

SFO-avdelinga ligg lengst nord i det nye barneskulebygget, med flotte, lyse og trivelige lokale. I tillegg kan elevane på SFO nytta seg av gymsal, basseng, musikkrom, K&H rom og den flotte leikeplassen på skulen. SFO opnar kl. 07.00 og stengjer kl. 16.30 kvar dag.

Det finst tre moderasjonsordningar for SFO

  • Kommunen skal etter søknad gi reduksjon i foreldrebetalinga for skolefritidsordninga på 1. og 2. årstrinn, slik at den pr. elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldninga. 
  • Gratis SFO for elevar med særskilte behov på 5. - 7. trinn.
  • Frå 1. august 2024 er det innført 12 timar gratis SFO for 1.-3. klassinger i heile Norge. I Bjerkreim kommune gir det eit månadleg trekk på maks 1430kr  frå totalpris for alle 1., 2. og 3.klassingar.

Dette er regulert i forskrift til opplæringslova § 1B-1.   Du kan lese meir om regelverket på Udanningsdirektoratet sine nettsider.

Søknadsskjema for redusert foreldrebetaling i barnehage og SFO

Sjå kommunen sine sider for SFO. Der finn du meir overordna informasjon.

Telefonnummeret til SFO i opningstida: 40001139

  

Måltid

Måltid SFO gjeld måltid etter skuletid, dvs. at elevar må ha med matpakke til frukost på SFO om dei ikkje et frukost heime.

På onsdagar er hovudregelen at elevane på 1.-3. og har med seg mat til lunsj på SFO. 4. trinn et i vanleg matpause i klassen. Frå og med 1.januar 2022, får alle elevar på SFO eitt gratis måltid (cirka kl. 14:00).

Nokre onsdagar vil me laga mat på SFO, men då vil det stå på månadsplanen. 

Måltidet dei får på SFO er inkludert kald drikke.

Tilbod og pris 2024/2025

Tilbod/pris på SFO skoleåret 2024/2025
Tilbud Tid Pris per mnd.
Måndag heil dag Kl. 07.00-08.00 + etter skoletid til kl. 16.30 458
Måndag morgon kl. 07.00 - 08.00 119
Måndag ettermiddag etter skoletid til kl. 16.30 340
Tysdag heil dag kl. 07.00 - 08.00 + etter skoletid til kl. 16.30 458
Tysdag morgon kl. 07.00 - 08.00 119
Tysdag ettermiddag etter skoletid til kl. 16.30 340
Onsdag heil dag 1.-3.trinn kl. 07.00 - 16.30 1137
Onsdag heil dag 4.trinn kl. 07.00 - 08.00 + etter skoletid til kl. 16.30 657
Onsdag 4.trinn - morgon kl. 07.00 - 08.00 119
Onsdag 4.trinn - ettermiddag etter skoletid til kl. 16.30 537
Torsdag heil dag kl. 07.00 - 08.00 + etter skoletid til kl. 16.30 458
Torsdag morgon kl. 07.00 - 08.00 119
Torsdag ettermiddag etter skoletid til kl. 16.30 340
Fredag heil dag kl. 07.00 - 08.00 + etter skoletid til kl. 16.30 458
Fredag morgon kl. 07.00 - 08.00 119
Fredag ettermiddag etter skoletid til kl. 16.30 340

Feriepakke 2024/2025
FerietilbodPris pr. år fordelt på 10 mndr.
Feriepakke: Feriedager med unntak av 6 planleggingsdager, heile juli månad, stenger kl. 12 onsdag før skjærtorsdag.14000,-
Høstferie1850-
Juleferie2600-
Vinterferie1850,-
Påskeferie1150,-
Fra skoleslutt ut juni2900,-
Fra 1. august til skolestart3650,-
Enkelt feriedag (faktureres den måneden den er bestilt)510,-
  
Kjøp av enkle dagar
Tilbod

Tid

Pris
Måndag Morgon kl. 07.00.-08.00.
+ etter skuletid til kl.16.30.

180,-

Tysdag Morgon kl. 07.00.-08.00.
+ etter skuletid til kl.16.30.
180,-

Onsdag

Heil dag kl. 07.00.-16.30.
(gjeld 1., 2. og 3.trinn)
470,-
Onsdag Morgon kl. 07.00.-08.00.
+ etter skuletid til kl.16.30.
(gjeld kun 4.trinn)
302,-
Torsdag Morgon kl. 07.00.-08.00.
+ etter skuletid til kl.16.30.
180,-
Fredag Morgon kl. 07.00.-08.00.
+ etter skuletid til kl.16.30.
180,-


Kjøp av enkle dagar.
Det er mogleg å kjøpa enkle dagar i SFO dersom SFO har kapasitet til det med det personalet ein allereie har.
Det er kun barn som allereie har eit tilbod i sfo som kan kjøpa enkle dagar.
Søknad sendes til dagleg leiar SFO på epost, eller via visma-melding.

 

Leksehjelp

Elevane på 1.-4. trinn får tilbod om 2 timar leksehjelp i veka i skuleåret 2021-2022

Om leksehjelpa:

  • Leksehjelp blir gitt måndagar og tysdagar kl 13.40-14.40. 
  • Leksehjelpa er bemanna med ein fagarbeidar eller miljørettleiar, det er ikkje eit ein til ein tilbod.
  • Eleven blir sendt heim når han/ho er ferdig med leksene, eller ikkje ønsker å gjera lekser.
  • Elevar som har plass i sfo blir sendt inn til sfo når dei er ferdige med leksene.
  • Det vil ikkje bli skyss heim etter leksehjelp.
  • Dersom eleven bur så langt vekke at han/ho må hentas vil ein ringa foresatte når eleven er ferdig med leksene. Foresatte må derfor vera tilgjengeleg på mobil og ha høve til å henta i tidsrommet for leksehjelp.



 

Eimund Grøsfjell
Kontormedarbeider
E-post
Telefon 51 45 93 00
Marlen Gilje
SFO-leder Vikeså skule
E-post
Telefon 40 24 45 12