Jon Gunnar fekk fem millionar kroner i tilskot til lausdriftsfjøs

Lurer du på lausdriftsfjøs? 17. september arrangerer Bjerkreim kommune og landbrukspartnarskapet i Rogaland informasjonsmøte om investeringsmidlar. 

Kjell Helland og Jon Gunnar Helland - Klikk for stort bildeKjell Helland og Jon Gunnar Helland

Møtet er i kommunestyresalen på Vikeså frå 11.00 – 14.00.

Frå morgon til kveld er Jon Gunnar Helland og far Kjell i sving på Vikesdal. Allereie i oktober skal dei 30 kyrne vere på plass i det nye lausdriftsfjøset.

Helland investerer cirka 11,1 millionar kroner i nybygget. 5 av millionane er tilskot frå Innovasjon Norge.
— Utan den gunstige finansieringa hadde dette vore umogleg å få til. Eg søkte om fem millionar, få trudde eg kom til å få så mykje, men eg vart både overraska og glad då telefonen frå Innovasjon Norge kom, fortel Jon Gunnar.
— Kvardagen med lausfjøsdriftsfjøs er mykje lettare og meir fleksibelt. I tillegg er det sjølvsagt veldig godt å innfri krava om lausdrift frå 2034, legg han til. 

Programmet 17. september
 

11.00 – 11.30 lunsj og mingling
11.30 – 14.00 vert det følgjande innlegg:
• ordførar Tone Vaule ønskjer velkomen
• i rute til lausdriftskravet? Statsforvaltaren i Rogaland
• Innovasjon Norge går gjennom krav til søknad og gjer ein peikepinn på kva som vert støtta, samt støttenivå
• tankar frå Bondelaget
• vi får døme frå bønder som har investert:
Viljen Nedrebø og Mona Lise Håland/Karstein Grønning fortel om sine lausdriftsfjøs for mjølkeproduksjon.

Det er også sett av tid til å stille spørsmål.

Meld deg på!

Møta er gratis, men av omsyn til matbestillinga ber vi om at du melder deg på: gerdse@bjerkreim.kommune.no innan fredag 13. september. Fint med beskjed om de kjem ein eller fleire frå gardsbruket.
 

Gerd Siqveland Engelsgjerd (Bjerkreim kommune), Svein Olav Tengesdal (Bjerkreim kommune), Kjell Helland, Ivar Tore Hetland (Bjerkreim kommune) og Jon Gunnar Helland. - Klikk for stort bildeGerd Siqveland Engelsgjerd (Bjerkreim kommune), Svein Olav Tengesdal (Bjerkreim kommune), Kjell Helland, Ivar Tore Hetland (Bjerkreim kommune) og Jon Gunnar Helland.