Vaksine mot influensa og korona

Den 17. og 24. oktober kl. 12-17 er det mogleg å få vaksine mot influensa og korona i Bjerkreimshallen. 

Dørene opnar kl. 12. Me vil tilrå at dei som ønsker både influensa- og koronavaksine kjem mellom 12-15, og at dei som berre ønsker influensavaksine, kjem mellom 14-17.
 

Folkehelseinstituttet tilrår begge vaksinane for alle som har fylt 65 og gravide i 2. og 3. trimester. I tillegg er influensavaksine tilrådd for barn og vaksne med kronisk sjukdom, mens koronavaksine er tilrådd ved alvorleg underliggande sjukdom. 

Kven bør ta influensavaksine?

Personar i følgjande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg:  
 

Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar 
•    Alle frå fylte 65 år
•    Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal òg få tilbod om influensavaksine 
•    Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år.
•    Barn og vaksne med:

  • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
  • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
  • diabetes type 1 og 2
  • leversvikt eller nyresvikt
  • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraf
  • nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, hiv, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
  • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
  • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (t.d. personar med medfødde kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert andre stader) 

I tillegg er influensavaksine tilrådd: 
  

Kven bør ta koronavaksine?

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler at følgande grupper bør ta en ny oppfriskingsdose med koronavaksine før haust/vintersesong 2024/25:
•    personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
•    personar i aldersgruppa 18-64 år som er i ei risikogruppe
•    ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
•    barn 6 månader–11 år med alvorleg grunnsykdom viss barnet sin lege vurderer dette som viktig 
•    gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester kan vurderast viss den gravide har tilleggssjukdommar som gir ytterlegare auka risiko.

Pris

Influensavaksinen kostar kr 200. Koronavaksinen er gratis. Du kan betala med kontant, kort eller VIPPS.

Vaksine mot pneumokokksjukdom

Pneumokokkvaksine er anbefalt kvart 6. år til:
•    Alle personar over 65 år. 
•    Personar med sjukdom som gir immunsvikt, eller som bruker medisinar som svekker immunforsvaret. Vaksinen er også anbefalt ved fleire kroniske sjukdommar og enkelte andre sjukdommar som gir høgare risiko for pneumokokksykdom. Snakk med fastlegen din om du har ein sjukdom som gir auk risiko for alvorleg pneumokokksykdom.  
•    Personar som gjennom sitt yrke har auka risiko for smitte som laboratoriepersonell og personar som er eksponert for sveiserøyk.  

Du ha resept frå lege for å få pneumokokkvaksine. Ta kontakt med din fastlege dersom du trur du treng pneumokokkvaksine. Du finn informasjon om tidlegare vaksinar på www.HelseNorge.no. Husk at pneumokokk-vaksinen kun treng oppfriskast kvart 6. år. Det er ikkje nødvendig med årleg vaksinasjon mot pneumokokksjukdom.

Du kan få satt pneumokokkvaksinen samtidig med influensa- og koronavaksine den 17. eller 24. oktober kl. 12-17 i Bjerkreimshallen. Du må då henta pneumokokkvaksinen på apoteket og ta han med når du skal vaksinerast. Dei andre vaksinane treng du ikkje ta med. Alternativt kan du be fastlegekontoret om å få satt pneumokokkvaksinen.

Knut Vassbø
Kommunelege
E-post
Telefon 51 20 43 30
Kommunelege I