5 Oppførsel
Formålet med vurdering i oppførsel er å fremja sosial læring, medverka til eit trygt og godt skulemiljø og gi informasjon om eleven sin oppførsel.
Skulereglane er grunnlaget for vurdering i oppførsel, jf. Opplæringslova § 10-7. Oppførsel heng saman med om elevane viser omsyn og respekt for andre. Elevane skal vera gjort kjende med skulereglane.
Kompetanse i fag skal ikkje trekkjast inn i vurderinga av oppførsel. I vurderinga skal det takast omsyn til føresetnadene til elevane. Det skal ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar med mindre dei er særleg klanderverdige eller grove.
I skulane i Bjerkreim kommune blir det rekna som god oppførsel når eleven:
- Er høfleg og hyggeleg mot medelevar og vaksne
- bidreg til eit trygt og godt skulemiljø
- viser respekt for andre
- følgjer skulereglane med tanke på mobilbruk, smartklokke og køyretøy
- det er ikkje god oppførsel om eleven:
1. uroar i undervisning
2. juksar
3. utøver hærverk
4. har ein krenkjande språkbruk
5. sloss
6. driv med vald, trakassering, rasisme og diskriminering
7. driv med rusmidlar i skuletida