6 Tiltak ved brot på skulereglar
Alle sanksjonar skal vera slik at elevane skal forstå kva for regel som er broten, og kvifor skulen må reagera på dette. Sanksjonane må stå i forhold til brotet på regel. Dette gjeld både for sanksjonar etter denne forskrifta, og eventuelle lokale reglar på den enkelte skule. Elevane skal, dersom det er mogleg, bli gitt høve til å gjera opp for seg.
Fysisk refsing eller anna krenkjande behandling av elevar skal ikkje nyttast. Med fysisk refsing meiner ein ikkje fysisk arbeid i samband med reperasjonar, rydding, eller vask etter seg sjølv eller andre. Konsekvensar for brot på skulereglar kan vera:
- merknad
- inndraging av gjenstand
- erstatningsplikt
- bortvising frå delar av skuleområdet
- tap av friminutt
- bortvising frå klasse/gruppe
- nedsett karakter i orden og/eller oppførsel
- oppmøte før eller etter skuletid etter avtale med lærar/rektor, for å utføra
pålagt oppgåve eller gjennomføra samtale. - pålegg om oppgåver for å retta opp skaden eleven har påført skulen sin eigedom eller sine eigedeler (fjerna søppel, vaska etter seg, fjerna «tagging»
med meir) - bortvising etter § 13-1 i opplæringslova
- midlertidig eller permanent klassebytte
- pålagt skulebytte etter § 13-2 i opplæringslova
- anmelding til politiet
6.1 Utdjuping av tiltak ved brot på skulereglar
Bortvising
Rektor vedtek bortvising etter å ha rådført seg med kontaktlæraren til eleven. Før det blir gjort vedtak, skal eleven ha fått høve til å forklara seg munnleg og ein skal ha vurdert å bruka andre hjelp- og konsekvenstiltak. Faglærar kan visa vekk eleven frå si eiga undervisning for ei undervisningsøkt på maks to klokketimar. Eleven skal ha tilsyn.
8.-10.trinn
Ved bruk av vald og/eller truslar, særleg provoserande åtferd eller andre grove brot på skulereglane, kan elevar på 8.-10. klassetrinn visast vekk frå undervisninga i inntil tre dagar.
1.-7.trinn
Elevar på 1.-7.klassetrinn kan visast vekk frå undervisninga for enkelttimar og resten av dagen jf. opplæringslova § 13-1.
Mobiltelefonar og smartklokker
Mobiltelefonen og smartklokke skal vera avslått heile skuletida. I dette ligg at telefonen heller ikkje skal brukast i pausar frå undervisninga der skulen har ansvar for elevane. Elevane på ungdomsskulen vert oppfordra til å ikkje ha med mobiltelefon eller smartklokke på skulen. Viss dei har med seg telefon skal dei levera ev. mobilar i låsbart skap frå det ringer inn til skuledagen er slutt. Elevar på barneskulen skalikkje ha med seg telefon på skulen. Viss dei likevel må ha med mobiltelefon skal lærar ha melding frå føresette om det, og eleven må levera mobilen til
lærar/kontorpersonale for oppbevaring ut skuledagen.
Køyretøy
Elevar under 13 år skal ikkje nytta elektrisk køyretøy i samsvar med norsk lov. Elevar over 13 år skal parkera køyretøy på tilvist stad.
Ikkje-dokumentert fråvær
Ugyldig fråvær er definert som fråvær som ikkje er grunngitt av føresette, eller som varar lenger enn det skulen har gitt permisjon for.
Dersom eleven gjentekne gonger kjem for seint eller er borte frå skulen, skal heimen bli kontakta for å få klarlagt årsaka til fråværet. Dei tiltaka som vert sette i gang, må sjåast i samband med årsaka og eventuelt frekvensen av fråværet. Skulen vil etterlysa elevar som er fråverande utan melding frå heimen.
Mobbing og valdeleg/aggressiv oppførsel
Skulane/kommunen har utarbeidd handlingsplan for eit trygt og godt skulemiljø. Vald, truslar om vald eller krenkingar skal ikkje bli akseptert, men bli behandla i tråd med tiltaksplikta i handlingsplanen.
Elevar som truar med eller brukar vald, kan visast vekk frå undervisninga/skulen. Dei føresette til vald brukaren og offeret sine føresette vil bli kontakta. Grove valdsepisodar vil bli meldt til politiet.
Farlege gjenstandar
På skulen sitt område er det ikkje lov til å ha med seg gjenstandar som kan brukast til å gjera skade på andre. Farlege gjenstandar skal konfiskerast av skulen og leverast til eleven sine føresette. Ulovlege gjenstandar vert levert til politiet.
Rusmiddel
Det er forbode å vera, rusa, bruka, oppbevara, omsetja eller ha med seg tobakk, snus, alkohol, narkotika eller andre rusmiddel på skulen sitt område.
Skulen skal konfiskera rusmiddel/tobakk/snus som elevar har med seg i skuletida, og heimen vil bli informert. I særlege situasjonar kan politiet og/eller barnevernet blir kontakta.
Hærverk
Forsetteleg eller aktlaus skade eller hærverk på skulen sin eigedom og utstyr kan føra til eit erstatningskrav overfor føresette. Det same gjeld ved tap eller øydelegging av bøker og anna utstyr, jf. Skadeerstatningslova § 1-1 og 1-2.
Elevar som gjer hærverk, kan bli pålagte å rydda opp etter seg/utbetra skadar som er gjort. Dette skal skje når oppryddingsarbeida er arbeid som eleven har føresetnad for å klara. Arbeidet må vera rimeleg i høve til lovbrotet.
Juks
Juks eller forsøk på juks på prøvar og innleveringar kan få konsekvensar for karakteren på 8.-10.trinn. Det vil blir gitt melding heim. Brot på skulen sitt prøve- og tentamensreglement blir sett på som juks. Ved juks til eksamen skal spørsmålet om annullering verta avgjort av rektor.
Straffbare forhold
Ved alvorlege tilfelle av valdsbruk, truslar om vald, tjuveri, grove brot på skulereglar og provoserande oppførsel, kan det blir aktuelt å melda forhaldet til politiet.
Flytting av elev til anna skule eller klasse
Når omsynet til dei andre elevane tilseier det, kan ein elev i særlege tilfelle flyttast til ein annan skule eller klasse utan føresette sitt samtykke. Før det vert gjort vedtak om å flytta ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak jf. opplæringslova § 13-2. Kommunalsjef for oppvekst og kultur tek avgjerda i slike saker.
6.2 Nødverje etter § 13-4 i ny opplæringslov
Tilsette i skulen, leksehjelpa og skulefritidsordninga kan, når andre tiltak ikkje er tilstrekkeleg, gripa inn fysisk mot elevar for å avverja at ein elev:
- krenkjer ein person fysisk eller utsett seg sjølv for fysisk fare
- skadar eigedom
- viser ei åtferd som er sterkt fornedrande for eleven sjølv
Det fysiske inngrepet kan ikkje gå lenger enn nødvendig, og det skal stå i eit rimeleg forhold til dei interessene som skal varetakast.