4 Orden
Formålet med vurdering i orden er å fremja sosial læring, medverka til eit trygt og godt skulemiljø og gi informasjon om orden.
Skulereglane er grunnlaget for vurdering i orden, jf. Opplæringslova § 10-7. Orden heng saman med om elevane er punktlege og førebudde, og følgjer opp arbeid.
Det skal ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar, med mindre dei er særleg klanderverdige eller grove.
I skulane i Bjerkreim kommune blir det rekna som god orden når eleven:
- møter på tida
- har med seg nødvendig utstyr som er klart til bruk
- viser god arbeidsinnsats
- gjer lekser etter oppsett plan
- held god orden rundt seg, inne og ute