9 Saksbehandling
I skulane i Bjerkreim kommune legg ein vekt på eit godt samarbeid med heimane. Dette betyr mykje for elevane sitt læringsutbytte. Skulane er avhengige av å ha føresette med på lag for å kunna gje alle elvar eit trygt og godt læringsmiljø.
Ved gjentakande eller alvorlege brot på reglar skal heimen bli varsla, anten av kontaktlærar eller skuleleiinga.
Berre rektor kan vedta bortvising etter opplæringslova § 13-1
Dei mest alvorlege sanksjonane ved brot på skulereglane er så inngripande mot elevane at det må bli fatta enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2. Det skal gjerast eit skriftleg vedtak som inneheld grunngiving og beskriving av klageretten til eleven.
Elevane har rett til å bli høyrde før det blir tatt ei avgjerd om tiltak.
Om eleven står i fare for å få nedsett karakter i orden eller oppførsel skal det varslast etter § 9-7 i forskrift til opplæringslova.
§ 10. Delegering av myn