UngData undersøkinga 2022Det er igjen tid for undersøkinga blant ungdom i Bjerkreim kommune og resten av landet. I løpet av veke 10-13 blir elevar frå 8.trinn tom. 3 VGS blir inviterte til å svara på undersøkinga. Bjerkreim kommune bruker den anonyme undersøkinga til å evaluera tenestetilbodet innan helse og oppvekst i kommunen. Det er frivillig å delta, elevane vil få andre oppgåver å arbeida med om dei vil reservera seg. Sjå elles informasjonsskriv (PDF, 199 kB) frå OsloMet og Korus vest som administrerer undersøkinga. Publisert av Svanhild Gjedrem Publisert 07.02.2022 10.20